Kvanndalseggi

Fellestur

Dato
25. august kl. 11:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Vik Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

.

25. august kan du vera med Vik Turlag til «hjertet av Vikafjellet»; ein rundtur frå Vossavatnet, til Kvanndalen, over Kvanndalseggi, og tilbake. Ein tur, for det meste i høgfjellet, men med både lunt og værhardt terreng; med vakre vatn og utsikt frå høgdene.

Me køyrer til Vikafjellet, tek av på anleggsvegen mot Muravatnet, til svingen ved Vossavatnet. Her startar stien mot Kvanndalen, i ei høgde på 1055 m.o.h. Stien går forbi Vossavatnet, og noko stigning kjem ein til høgda (1216 m.o.h.), med god utsikt mot dammen på Muravatnet og fjella i nordaust. No vert det nedstigning mot stølen i Kvanndalen. Det er bra sti å gå på heile vegen.

Stølen i Kvanndalen har tre sel. Desse er «forholdsvis» nye, og i bra stand. Dei tilhøyrer gardane Undi og Stedje på Ovrisdalen. Det er ein av dei høgastliggjande stølane i Vik; 1082 m.o.h., og derfor kan det vera værhardt når vinden kjem frå «rette» kanten. Stølen ligg i ein breid, slak dal, med breide elvefar. Me held fram oppover dalen i lett terreng til Heimredalsvatnet. Vakker natur, og her ligg det også nokre gamle dyregraver. Før me kjem til Ytredalsvatnet, svingar me opp til høgre, med noko stigning opp på Kvanndalseggi. Det er lett å fint terreng å gå i, ikkje steinterreng som det elles er mykje av på Fossfjellet. Kvandalseggi er høgste punktet på turen, 1364 m.o.h. med god utsikt mot fjella i nord og aust, som Svinadalsholtane, Blåfjell, m.m. Nedatt går me frampå Tirshaugen for å få utsikt mot vest, og ned att til bilane. Ein fin tur i lettgått terreng utan dei store utfordringane, men lettleg og god utsikt. 14 – 15 km, ca. 6 timar med matpause. Me møtest kl. 11 ved kaien/kommunehuset i Vik, og køyrer felles til Vikafjellet. Dei som vil møta direkte på fjellet seier frå om det til Turleiar; Hanne Finne, 95941478 eller Nils Gunnar Finne, 91513117. God tur!

Kvanndalseggi

. 25. august kan du vera med Vik Turlag til «hjertet av Vikafjellet»; ein rundtur frå Vossavatnet, til Kvanndalen, over Kvanndalseggi, og tilbake. Ein tur, for det meste i høgfjellet, ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Hanne Christin Finne