Finbunuten

Fellestur

Dato
27. september kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Vik Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Finnbufjellet, med høgste toppen Finnbunuten, ligg i Voss herad mot Myrkdalen. Fjellet er lett synleg frå Vikafjellsvegen mot sør. Toppen er 1358 m høg, med god utsikt.

 

Me møtest ved kaien (Kaikanten) i sentrum kl. 10.00, og køyrer felles til Telegrafhytta på Vossasida av Vikafjellet. Er veret bra, tek me turen som ein rundtur: Går inn Sendedalen på austsida av Finnbufjellet, til toppen, og ned att til «Sameleiren» på vestsida. Starten på turen er då for det meste flatt terreng på god og merka sti, ca. 4 km forbi Lars-Ola vatnet og Kringlevatnet til Holmavatnet. Her går stien over elva, og me tek av frå stien mot Fjærestadbotnane og opp på Fjellet. Her er det ein del stigning, totalt ca. 430 m, og stort sett utan sti. Frå toppen er det god utsikt viss været er bra, mot Stølsheimen, fjella i Vik, og Vossafjella som Lønahorgi og Kvitanosi. Ned att går me først på merka løype mot vest. Denne forsvinn ned mot Myrkdalen, så me tek retning lengre nord, på ryggen ned mot stølen i Finnbuene. Her er det viktig å ikkje gå for mykje beint på, så ein unngår Finnbugjuvet. Frampå kanten mot Finnbugjuvet, og spesielt nede i Finnbugjuvet, ligg det enno tegn etter flyslepp frå andre verdenskrigen. Det er kontainarar som har vore fylt med våpen, ammunisjon, tobakk og hermetikk. Motstandsrørsla på Voss hadde ein base i Finnbuene, og mottok flyslepp frå England. - Forbi stølen og ned til brua til Riksvegen. Totalt ca. 12 – 13 km,  og reknar med me brukar ca. 6 timar på turen med pausar. Mat, drikke og gode klede/sko. Viss været vert dårleg, vert det berre ein tur i Sendedalen, evt. til Finnbugjuvet. Spørsmål; ring turleiar Nils Gunnar Finne, 91513117.

Finbunuten

Finnbufjellet, med høgste toppen Finnbunuten, ligg i Voss herad mot Myrkdalen. Fjellet er lett synleg frå Vikafjellsvegen mot sør. Toppen er 1358 m høg, med god utsikt.   Me møtest ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Nils Gunnar Finne