Onsdagstur Hovland-Kongsli-Kongsvatnet

Fellestur

Dato
19. august kl. 17:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Onsdagstur
Arrangør
Vik Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

 

Start frå kaikanten i Vik kl 18. Samkjøring innover mot Vangsnes og stopp ved badeplassen i Djuvik. For dei som kjem frå Fresvik, Feios eller Vangsnes er det oppmøte ved badeplassen ca  kl 18.10. Turleiar ventar der. Vi køyrer vidare ilag opp Hovlandsvegen  og stoppar ca 400 meter etter å ha passert Hovland, på eit ope område kalla Øygarden der me parkerar.

Me tek den gamle stien fatt oppover mot Selldalen og går vidare opp til Mytingen og deretter opp til skaret mot Kongsli. Det er jamn stigning opp dei om lag 500 høgdemeterane før vi passerar hyttene i Kongsli og kjem ned til Kongsvatnet. Her tek me ei pause før vi returnerar same vegen. Må rekne om lag 2, 5 time på turen

Turleiar Reidun Flatland

Onsdagstur Hovland-Kongsli-Kongsvatnet

  Start frå kaikanten i Vik kl 18. Samkjøring innover mot Vangsnes og stopp ved badeplassen i Djuvik. For dei som kjem frå Fresvik, Feios eller Vangsnes er det oppmøte ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Reidun Aafedt Flatland