Barnas turlag i Vik inviterar til "Kom deg ut dag" på Kålsete. Frå kl.12.00 til kl. 15.00 legg me opp til ulike aktivtetar i området rundt skihytta. Det vert turbingo med postar langs skiløypa, og dei som vil får låna rompeakebrett og truger som passar for barn. I tillegg fyrer me opp eit par bålpanner, slik at de kan grilla pølser. Me kjøper inn pølser, men på grunn av Covid-19 er det best at alle tek med det dei treng av tilbehøyr til pølsene. Merk også at det er krav om førehandspåmelding grunna Covid-19. Meld inn navnet på dei som blir med seinast kvelden før, enten på Facebook-gruppa til Barnas turlag Vik, eller til Brita Helleland ( tlf 99150867)
Vel møtt til leik og morro med barnas turlag!
Frå Kom-deg-ut-dagen på Kålsete 2015