Trugetur til dagsturhytta

Fellestur

Dato
28. februar kl. 12:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Vik Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Vi møtast kl 12 på parkeringsplassen ved Vik Skisenter og går fyrste delen av turen opp til Fjellandsbyen og djupegjela. Når det er bra med snø tek vi på oss trugene og fylgjer stien opp til dagsturhytta. Vi håpar på sol og fin utsikt.

Vi spiser og drikker litt ved hytta, før vi går ned til Kålsete igjen.

Ta med:

Varm klede

Truger (kan også lånast frå Vik turlag, ta kontakt med turleiar i god tif\d på førehand om du vil låne)

Mat

Varm drikke

ev. solbriller

 

Turen er totalt på ca. 5 km, og vi reknar med at vi brukar ca. 1 time opp og ½ time ned. Opphaldtida ved hytta kjem i tillegg.

 

På grunn av smittevern er det påmelding til turen. Send namnet ditt på sms til 90534102 eller meld deg på digitalt.

Trugetur til dagsturhytta

Vi møtast kl 12 på parkeringsplassen ved Vik Skisenter og går fyrste delen av turen opp til Fjellandsbyen og djupegjela. Når det er bra med snø tek vi på oss ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Karen Weichert