Vik turlag er 20 år - bli med til Gunnarsete!

Arrangement

Dato
20. juni kl. 11:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Arrangement, Sommeråpning, Jubileum, Vik, Gunnarsetesti, Gunnarsete
Arrangør
Vik Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Vik Turlag er 20 år!

Dette vil me markere søndag 20. juni i samband med avslutning av prosjektet "På tur til Gunnarsete"  og offisiell igjenopning av stien til Gunnarsete etter oppgraderinga.

Markeringa vert frå kl 11 til kl 15, og me håper at mange vil nytte høve til å gå stien i dette tidsrommet. Turen til Gunnarsete (ca. 550 moh.) er på om lag 3 km.

Parkering enten ved Vik stadion eller i svingen til skogsvegen i Øvre Hopperstadmarki (avgrensa med kapasitet).

Blant alle som fullfører turen den dagen og skriv seg inn i boka på Gunnarsete, blir det lodda ut flotte gevinstar.

Ved fyrste løa langs stien blir det servering av bringebærjuice og aktivitetar for born. Ta med turkopp, slik at vi unngår mest mogleg å produsere avfall.

Det blir turquiz knytt til den fornya naturstien langs løypa, med temaplakat om planter og dyr i skogen. Quiz-arket får ein på starten av turen der turlaget vil ha info-stand.

Det er ulike rasteplassar og utsiktspunkt langs stien, t.d. ved dei to løene på veg opp til skogsvegen. Den beste utsikten er sjølvsagt frå turmålet, Gunnarsete.

Hugs smittevernreglane og hald avstand!

Velkomen til ein kjekk søndagstur!

Helsing Vik Turlag

 

 

Vik turlag er 20 år - bli med til Gunnarsete!

Vik Turlag er 20 år! Dette vil me markere søndag 20. juni i samband med avslutning av prosjektet "På tur til Gunnarsete"  og offisiell igjenopning av stien til Gunnarsete etter ...

Kontaktinformasjon: