Onsdagstur til Kongshaug

Fellestur

Dato
29. juni kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Onsdagstur
Arrangør
Vik Turlag

Oppmøte på Kaikanten i Vik klokka 18.00.  Felles køyring til Vangsnes Skule der turleiar ventar. Køyrer felles frå Vangsnes Skule kl ca 18.20. Bompengar kr 50,- kvar bil.

Køyrer til Høgretjønn og går vidare vegen/stien oppover mot Kalbakk. Litt før Kalbakk, ved Husatjønni, tek me av til høgre og går stien opp til Kongshaug, 857 moh.

Frå Kongshaug går me stien nedover til Kongsli og vidare til Kongsvatnet.

Me tek mange pausar undervegs, men hovudpausen tek me ved Kongsvatenet.  Ta med badetøy om ein ynskjer å ta eit bad i Kongsvatnet :)

Me går om Kalbakk på tilbaketuren og deretter nedover att til Høgretjønn.

Dette er ein lett tur som passer alle, frå Høgretjønn tek turen tek 3 timar inkludert pausar.

Turleiar er Reidun Aaf. Flatland tlf 97670135. Ta kontakt om du lurer på noko i høve turen.

VEL MØTT !

Kontaktinformasjon:

  • Reidun/Halvor Flatland
  • Tlf. 97670135