Tur til Slipesteinshølen

Fellestur

Dato
26. juni kl. 11:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Bygdehistorie,
Arrangør
Vik Turlag
Dette arrangementet er over!

Vik Turlag inviterer til kultur-tur i Arnafjorden. Me kaller det "Skjulte perler på Hellane". Hellane består av tre fråflytta høgdegardar i Framfjorden. For å komme dit køyrer ein mot Dale. Det er god parkeringsplass ved elva der den bratte traktorvegen til Hellane startar. Guiden Jarle Nummedal møter oss der kl 11. Traktorvegen er ca 1,2 km med 180 høgdemeter.

Jarle bur til vanleg i nærleiken av Ulriken i Bergen og har som hobby å forske på korleis folk bevegar seg i trappene på veg opp til Ulriken. Under turen får du difor gjerne nokon tips om korleis du kan gå enklare, med mindre påkjenning for kroppen.

På Hellane har tida stått stille og du får ei omvisning i den fyrste garden på Hellane. Ikkje langt unna garden ligg ein vakker kulp i elva, kulpen er på Vikjamål kalla Slipesteinshylen. Dit tek det ca 10 min å gå. Hugs handduk om du ynskjer eit forfriskande bad. I tillegg skulle Jarle guide oss opp til ei godt skjult grotte, her har det  vore hogd ut klebergryter i lang tid, truleg tilbake til Vikingtida.

MEN TUREN TIL GROTTA MÅ DESVERRE AVSLYAST DÅ DET ER ALTFOR STOR VASSFØRING I ELVA.

Jan Kåre Fosse guidar oss vidare til Valsvikstølen, etter at me har ete nista vår på Hellane.  Dette er ein lett og fin tur som høver både vaksne og barn.

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Kirsten Asheim