Blåfjell på Vikafjellet

Fellestur

Dato
11. september kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangører
Vik Turlag, Voss Utferdslag

Blåfjell ligg på austsida av det store Muravatnet. Det er lett å kjenna att på lang avstand, høgt og frittståande. Det er nest høgste fjellet på Vikafjellet, 1548 moh. Svært god utsikt i alle retningar, om veret er lagleg. Bl.a. til Vossafjella, som Lønahorgi og Kvitanosi. Me ser greitt fire brear; Jostedalsbreen, Fresvikbreen, Hardangerjøkulen og Folgefonna i klarver. Me planlegg ein rundtur; opp på vestsida, og nedatt på "baksida" mot aust.

Me samlast frå Vik og Voss ved hovuddammen ved Muravatnet. Viss ikkje magasinet er fullt, kan me køyra vidare til den første sperredamme, det forkortar turen vesentleg. Herifrå går me stølsvegen til stølen i Vollafjellet. Vidare er det også helst grei sti, langs Muravatnet, over elva frå Svelgen, og opp Tverrgavlane. Dette siste stykket er det fint turterreng. Pause før me startar på den bratt oppstiginga til sjølve toppen. Går me opp på rette plassen, er det kort veg gjennom steinrøysa til sjølve varden på toppen. Her vert det studering av utsikt. Ned att på austsida er det mykje stein i starten. Me håpar det enno ligg ein del snøfenner, det er mykje lettare å gå på. Ein dal fører nedover mot ei slette ovanfor Svelgavatnet. Denne sletta er ofte heilt kledd med grøn mose. Me går i hellinga ovanfor Svelgavatnet, over elva, og ned langs denne til me treffer på stien der me kom. Tilbake same vegen til bilen.

Turen går i varierande terreng. Ein god del på sti, i fint turterreng. Frå Tverrgavlane til toppen er det ein bratt grasbakke, med ein del stein. Her må me vera forsiktige så me ikkje løyser ut steinar. Steinur på baksida (viss me ikkje finn snøfenner). Deretter fint terreng att. Turen er ca. 13 km lang, med totalt ca.730 høgdemeter. Startpunkt på 1070 moh. og toppen er på 1548 moh. Reknar med ca. 6 timar på turen. Start frå Voss kl. 09.30, frå Vik kl. 10.15. 

Kontaktinformasjon:

  • Nils Gunnar Finne
  • Tlf. +4791513117
  • E-post: ngf@sogn.no

Turleder:

  • Nils Gunnar Finne