Hesjadalen-Sagi

Fellestur

Dato
14. august kl. 09:20
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Vik Turlag

Tur på nordsida av Sognefjorden, på «Balestrandsida», men heilt aust i noverande Høyanger kommune. Turen startar inst i Nessadalen, til stølen i Hesjadalen, over til Stordalen, og ned til Tennfossen og Sagi. Det er ein forholdsvis lett tur, på 11 – 12 km.

 

Frammøte på kaien ved kommunehuset i Vik kl. 09.20. Transport med privatbilar til Sagi mellom Sæle og Nessane (ferje Vangsnes – Dragsvik kl. 09.45). Me set att bil på Sagi, og køyrer vidare opp Nessadalen til parkeringsplassen i Breidstøldalen (420 moh.), 9 – 10 km. Turen går herifrå, på fin sti til Breidstølen (580 moh.), og vidare til Hesjadalen (730 moh.) Det er noko stigning frå Breidstølen opp mot vatnet i Hesjadalen. Pause i Hesjadalen. Vidare langs vatnet til Dyreskardet, der startar nedturen til Stordalen. Langs med Tennfosselvi er det flatt og litt vått. Vidare langs med elva (Grisagrovi) i bjørkeskog til garden Tennfossen. Pause. Forholdsvis flatt vidare nedover eit stykke, men bratt sti ned til Sagi. Så må me henta bil(ar) i Nessadalen, før me køyrer heim. I Vik ca. 18-tida.

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Nils Gunnar Finne