Startskot for bygging av leikeplass i Steimsskogen

Dugnad

Fra dato
22. juli kl. 15:00
Til dato
24. juli kl. 19:00
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Ungdom
Turtyper
Dugnad, Rydding, Skogsleik, Idemyldring, Skogsrydding, Gapahuk, Elvebading, Alpakka
Arrangør
Vik Turlag

Barnas turlag har fått pengar til å laga ein artig leikeplass for store og små. Me har alt nokre idear, men me vil ha med andre turvenner frå starten av slik at det vert flest mogeleg sitt prosjekt.
Denne helga vil me bruka til å rydda skog og laga eit godt underlag for leikene som skal komma etterkvart.

Me vil organisera eit felles måltid kvar dag, og det vil bli ei eiga aktivitetsgruppe for borna. Tanken er at ein eller to vaksne er leiar for aktivitetsleiren, medan dei andre vaksne får andre oppdrag. Korleis dei ulike arbeidsoppgåvene vert fordelt kjem me tilbake til etterkvart som folk melder seg på.

Me ønskjer å få til ei idemyldring heile helga frå born og vaksne. Mogelegheitene er mange og me kan få til mykje gøy i lag!

Plassen er valgt av mange grunnar; det er mange fine turar som fører hit. Me har eit flott bygg like i nærleiken som folk kan nytta seg av. Det er vatn rett ved, og det er grunneigarar som støttar ideen. Og det er alpakkaer som beitar her!

Så no håpar me at flest mogeleg av våre kjære turvenner vil bli med på å byggja det artigaste turmålet i Vik!

Dersom de har spørsmål er det aller best om de legg inn kommentarar på denne hendinga på Facebook: (2) Startskot for bygging av leikeplass i Steimsskogen | Facebook .De kan også kontakta Brita Helleland på PM eller på mobil 99 15 08 67.

De må melda dykk på innan mandag 18.juli. Skriv kor mange vaksne og born de blir, så kan me planleggja godt for både vaksne og born.

Kontaktinformasjon: