Nyt Naturen MED Turbotrimmen:

Turbotrimpostkasse Hovsåsen 1
Turbotrimpostkasse Hovsåsen 1 Foto: Ellen Therese Harbakk

3 av 7 poster er på plass, og resten vert lagt ut før 01.06.2020.


No er snøen byrja krypa oppover i Liane, og då byrjar det å kribla i føtene til mange Turbotrimmarar og:) 

Barnas Turlag vil også i år setja ut raude postkassar som de kan besøkje og skriva dikka inn i. Målet vårt er at de tek mange turar, og at de tykkjer det er kjekt å komma seg ut i naturen utanfor asfaltvegen.

I år plasserer me 7 postkassar rundt om i kommunen. Me satsar på litt "kortreiste" turar i år, som bør vere overkommelege for ALLE! Det vert som før premie til alle BORN OG UNGE (0-18 år) som er MEDLEM I VIK TURLAG. Nytt i år, er at de ikkje treng besøkje alle postane, men treng 7 besøk uavhengig av kva kasse de besøkjer. De kan f.eks gå sju turar til same postkasse, eller gå til fleire postkassar med samla antall 7!! Det som gjeld er altso 7 turar tilsaman:)

Det er enkelt og billig å vera medlem om ein tenkjer på alle fordelane...sjå og les og meld deg inn her:

https://www.dnt.no/medlem/fordeler/

Det går heilt fint å melda inn berre borna. Premiane er garantert verdt prisen:) I tillegg får de premie kvar gong i form av frisk luft og helsefremjande aktivitet når ein er på tur;)

Postane i år vert plassert på fylgjande stader:

Gunnarsetestien: Lagt ut 08.05.2020. Posten heng inne i den fyrste løa på Gunnarsetestien. Stien er merka, og ein kan parkere på parkeringsplass i Øvste   Hopperstadmarki.

Hovsåsen: Lagt ut 06.05.2020. Posten heng på eit grantre kloss i vegen som går frå Åsen til Orvedal. Gå opp den bratte bakken frå der bilvegen sluttar, og posten heng på venstre side av vegen ca 150 meter  etter bakketoppen.

Brandholten: Lagt ut 05.05.2020.    Kortaste veg til Brandholten er frå Varpet. Hit kan ein køyre. Hugs 50 kr i bompengar. Derifra følgjer ein skogsveg inn til Kyrelvi. Herifra på flott sti i furuskog i lett terreng. Stien går innover furuskogen før den svingar litt nedover i litt myrterreng. Så er det berre ei lita bratt stigning opp til Brandholten. Postkassen heng på varden rett ved sida av stien nå ein kjem opp på Brandholten. Her kan ein nyta ei herleg utsikt!!!!

Dagsturhytta: Ikkje lagt ut, Vegen til Dagsturhytta er merka. Parkering på Kålsete. Du går over brua til Nyastølssida, opp til Vik Fjellandsby. Øverst i hyttefeltet ved Djupagila finn ein vegen mot dagsturhytta. Lett og fin tur. Flott utsikt. 

Håaklukjen: Ikkje lagt ut    Håaklukjen ligg i Feios. Ein køyrer oppover mot Åfedt og tek av til Bakkane. Ein kan parkere der skogsvegen startar, eller køyre lenger og fylgje skilta. Oppmodar til å sjå på Turkartet til Vik Kommune dersom du er ukjend. Klukjen er ein støl med sel/hytter på begge sider av Merkjesgroi. Håaklukjen er på høgre side og Berdalsklukjen på venstre. Postkassen heng på gamalt sel ilag med postkassen til Feiostrimmen.

Huldafossen: Ikkje lagt ut Utplassert i Fresvik. Parker på Stølen/engi. Er parkering rett før reiste ferista. Gå siste stykke på grusveien opp bakken. Her startet blir det etterkvart sti. Ca 2 km fram til kassen. Som heng saman med andre trimkassar. Ein kan velje å gå heilt til fossene, men vær obs å lukke alle grinder. Sauer beiter i område. Før å komme til fossene må ein krysse elva, men det er ny fin bru ein kan gå over. 

Lee:  Ikkje lagt ut, turbeskrivelse kjem

GOD TUR!! HÅPAR MANGE TEK SIKTE PÅ (MINST)  7 TURBOTRIMTURAR I 2020

Løa på veg til Gunnarsete med Turbotrim postkassa
Løa på veg til Gunnarsete med Turbotrim postkassa Foto: Ellen Therese Harbakk
Postkassa ved Håaklukjen
Postkassa ved Håaklukjen Foto: Ellen Therese Harbakk
Postkassa ved Brandholten
Postkassa ved Brandholten Foto: Ellen Therese Harbakk

Skrevet av Lodewica Laumans 26. mai 2020