Slik gjekk turen til Lars-Ola vatnet med Barnas Turlag

Ved Lars-Ola vatnet
Ved Lars-Ola vatnet Foto: Loek Laumans

På sundag 26. august tok Barnas Turlag seg ein tur til Lars-Ola vatnet på Vikafjellet. 12 vaksne og 16 ungar møtte opp trass i at det var nokså kaldt!

Turen til Lars Ola vatnet gjekk fort, sjølv om det var mange ungar som var freista til å plukke litt blåbær. Ved Lars-Ola vatnet blei det funne fram nokre fiskestongar, men fisk blei det dessverre ikkje. Me tente på eit bål og åt nista vår og nokre fekk grilla pølsene sine. Det var ganske kaldt, berre 4-5 plussgrader, og det var litt vind. Heldigvis var det litt sol så me klarte å halde ut i omtrent ein time ved Lars-Ola vatnet, før me gjekk tlbake til bilane att.

Tusen takk for turen til alle som blei med!

Fisking ved Lars-Ola vatnet
Fisking ved Lars-Ola vatnet Foto: Loek Laumans
Heile gjengen ved Lars-Ola vatnet
Heile gjengen ved Lars-Ola vatnet Foto: Arne Hønsi
Turboreven var sjølvsagt også med på tur!
Turboreven var sjølvsagt også med på tur! Foto: Loek Laumans

Skrevet av Lodewica Laumans 30. august 2018