To nye undergrupper på plass etter årsmøtet i Vik Turlag

Frå årsmøtet i Vik Turlag 2018
Frå årsmøtet i Vik Turlag 2018 Foto: Karen Weichert

Det var eit vellukka og kjekt årsmøte som Vik Turlag hadde kalla inn 14. november 2018 på Kafé Øyri i Vik. Det var 17 medlemar som deltok. Silje Drevdal frå Sogndal viste lysbilete frå to turar ho deltok på i sommar og som Vik turlag hadde ansvar for, og delte erfaringane sine frå desse som "nybyrjar" i DNT.

Før sjølve årsmøtet blei det også ei orientering og diskusjon kring ev. ny leigeavtale for skulehuset på Sylvarnes. I tillegg blei det nye turprogrammet for 2019 presentert.

To nye undergrupper i drift

På årsmøtet for 2017 blei det oppretta to nye undergrupper i turlaget, ei hyttegruppe og ei sti- og merkegruppe. To interimstyra byrja å jobbe i 2018. No på årsmøtet blei medlemane i dei to gruppene valde offisielt.

Hyttegruppa skal jobba med hyttene til Vik Turlag på overordna nivå og i tett samarbeid med dei enkelte hyttestyra. Nils Gunnar Finne blei valt som leiar. Med seg i gruppa har han Kari Vold Olsen og Halvor Flatland.

Sti- og merkegruppa skal jobbe systematisk med vedlikehald av stiane samt merking og skilting. Karen Weichert blei valt som leiar for gruppa. Med seg har ho Anne Marie Bøtun Øyri og Linda Holstad.

Komplett årsmøtereferat samt årsmelding kan ein lese nederst på denne sida.

Har du lyst å vere med i ei av undergruppene i Vik Turlag eller bidra på andre måter? Ta gjerne kontakt med leiar eller ein av styremedlemane.

Skrevet av Karen Weichert 9. januar 2019