Slik gjekk måneskinns-akinga med BT

bålpanna
bålpanna Foto: Loek Laumans

Som overskrifta seier planla me å ake i måneskin, men det gjekk litt annleis....

På laurdag 19. januar møttast 12 born og 11 vaksne på stølsgarden til gnr/bnr 28/3 (betre kjent som Snikkartunet på Hønsi). Denne stølen verrt også kalla for "danseflaten".

Planen var at me skulle kosa oss  med aking og og rundt bålet i måneskin, men det var nokre skyer som prøvde å øydelegge planene for oss! Men me lot oss ikkje vippe av pinna og sigla ned marka med hovudlykta som heldigvis dei fleste hadde med seg.

Bålet varma oss og pølsene vart ete både kalde og svidde og alle kosa seg.

Og titta ikkje månen fram litt likevel???

Måneskin over Kålsete
Måneskin over Kålsete Foto: Loek Laumans

Skrevet av Lodewica Laumans 28. januar 2019