Slik gjekk sundagsturen med Barnas Turlag

På moahaugane
På moahaugane Foto: Siri Margrete Finne

Sundag 24. mars trassa 24 ungar og 14 vaksne dei dystre vermeldingane, tok på seg sydvest og oljehyra og la i veg på tur.

Me møttes på Ara og glade born sprang i retning Kålhagen, der ein liten quiz-runde venta. Borna fekk testa kunnskapen sin på mellom anna giftige soppar, dyrespor og fjellvettreglar. Me tok lunsjen i grillhytta i Kålhagen, før me vandra vidare opp på Moahaugane og nedatt Vange. Turen enda på skuleplassen der ungane fekk brukt opp siste rest av energi.

Takk for flott oppmøte! Veret vart betre enn frykta og turen vel so kjekk som venta!

Skrevet av Lodewica Laumans 7. april 2019