Det blei ikkje skodde på Skoddesete

Utsikt frå Skoddesete
Utsikt frå Skoddesete Foto: Karen Weichert

Det var 14 deltakarar, 13 vaksne og eitt barn, pluss ein hund som møtte opp til turen til Skoddesete i dag. Turen starta frå Rosheim og gjekk via Fjærestadhovden, Unnardalen og Lomsli til Skoddesete. Der var det flott utsikt over Sognefjorden.

Turen blei arrangert som fellestur av Voss Utferdslag og Vik turlag. Såleis var det flott at akkurat halvparten av deltakarane kom frå Vossasida og halvparten frå Vik. Fram til Unnardalen veksla vêret mellom opphald, regn og litt sol. Etterpå blei det litt meir stabilt, og det slutta å regne. Det blei flott utsikt då turgruppa kom fram til målet. Turen Unnardalen - Skoddesete og tilbake tok om lag 2 timar. Det blei i alt ein flott tur i ålreit vêr. Takk til alle som var med!

Skrevet av Karen Weichert 23. juni 2019