Vik turlag avlyser alle turar og aktivitetar fram til 1. mai

Foto: Vik Turlag

Med avlysinga fylg vi tilråinga frå DNT sentralt og Sogn og Fjordane turlag. Det er eit tiltak får å redusere risiko for spreiing av Corona-viruset.

Det er tungt å avlyse, men styret i Vik turlag har likevel bestemt å fylge tilråinga og håpar på forståing. I fyrste omgang blir alle aktivitetar og turar avlyst fram til 1. mai. Om tidsperioden må utvidast vil situasjonen framover vise. Fylg med på Vik turlag sine nettsider og på Facebook.

Skrevet av Karen Weichert 17. mars 2020