DNT og Vik Turlag sine tilbod i mai – gradvis opning

Foto: Reidun Ovrid

Frå 1. mai opnar enkelte DNT-hytter gradvis opp att og enkelte turar blir gjennomførte.

Etter seks veker med stopp i all aktivitet og stengte hytter, vender DNT no sakte tilbake til ein ny kvardag.


Den ekstraordinære situasjonen krev at gjestene på hyttene må tinge på førehand og at det blir påmelding for turane. Alle må fylgje smittevernreglane. Førebels er det berre eit utval hytter som blir tilgjengelege for tinging.

Krav om plasstinging på hyttene

Dei som vil på overnattingstur til ei DNT-hytte må inntil vidare tinge plass i forkant, og dette gjer ein på turportalen UT.no. DNT er til vanleg kjent for at det alltid er plass på hyttene og at ingen blir avvist. Slik kan det dessverre ikkje bli i år. Det er ikkje høve til drop-in, dagsbesøk eller til å bruke toalettet ved hytta om du er på tur i området. Her kan du få ei førebels oversikt over hyttene som opner i løpet av mai:

Turpåmelding og god avstand

Den største endringa i turtilbodet er at ein må melde seg på turane, og at ein til ein kvar tid må halde avstanden som er krevd av smittevernstyresmaktene.
- Hvordan det vil se ut om en måned eller to, er umulig å spå. Dagens retningslinjer tar høyde for situasjonen slik den er i dag, og tilpasses etter hvert, seier Dag Terje Klarp Solvang, DNT-generalsekretæren.

Trygt for alle

DNT har utarbeidd instruksar for smittevern både på hyttene og på fellesturar. Det blir mellom anna ei grense for kor mange som kan bu på ei hytte på same tid. Det blir også andre vaskerutinar, både for dei som bur på hytta og for hyttetilsyn og hyttevaktar.
- Med tiltakene vi nå iverksetter, så er smittefaren liten. Vi åpner forsiktig opp etter nøye vurdering internt og i samråd med smittevernmyndighetene. Alle skal føle seg trygge enten de bor på hyttene våre eller blir med på tur med oss, seier Klarp Solvang.

Ver fleksibel!

2020 er eit spesielt år, og situasjonen vil også setje preg på friluftslivet framover.
– Vi skal gjøre det vi kan for at alle som ønsker det skal få gode naturopplevelser fremover, men det vil bli annerledes enn det man er vant til. Både DNT og turgåerne må endre rutiner og praksis. Med god planlegging og en innstiling om å følge reglene, er vi sikker på at dette blir bra, tross alt. Vi ser frem til å vise enda flere alle de fantastiske mulighetene som finnes som turist i eget land, seier Klarp Solvang.

Hyttene til Vik Turlag opnar tidlegast i juni

Styret i Vik Turlag har i lag med hyttegruppa og hyttestyra vedteke at laget sine hytter Målsethytta, Jashaugbu og Sylvarnes held stengt også i mai. Grunnen til dette er at det må gjerast ein del tilrettelegging på hyttene til dei er klare for besøk. Snømengda og tilgangen til hyttene på denne årstida gjer dette noko meir utfordrande. Hyttene har per i dag heller ikkje bookingsystem. Men vi satsar på å vere klare i starten av juni.

Turar i regi av Vik Turlag startar også tidlegast i juni

Styret i Vik Turlag har i lag med onsdagsturgruppa også vedteke at ein ventar med ein ev. oppstart av turtilbod eller andre aktivitetar til juni.

Barnas Turlag ynskjer å avlyse alle turar for i år og heller satse på trimpostprogrammet for barn som heiter „Turbotrimmen“, med ev. nokre fleire turpostar enn vanleg. Grunnen til dette er at vi ser at det kan bli utfordrande å få borna til å altid fylgje smittevernreglane når ein er på tur. Om det kan bli Kom-deg-ut-dag i september må vi vurdere ut over sommaren.

Vi siktar til å starte opp igjen med onsdagsturane i juni, i håp om at situasjonen då er blitt enda betre og restriksjonane færre. Per i dag vil det m.a. vere utfordrande å køyre til startpunkt når smittevernreglane krev at det berre kan vere få personar i same bil. Det blir rett og slett vanskeleg med parkeringsplass for så mange bilar ved startpunkta.

I staden for organiserte turar vil Vik Turlag prøve å legge ut fleire turtips på UT.no og på app‘en DNTsjekkut.

Redusert lån av utstyr

Smittevernreglane gjer at utlån av utstyr er noko redusert. No i mai kan medlemar i Vik Turlag berre låne frå dei seks par trugene som laget disponerer. Desse må vaskast godt etter bruk, og det må vere ein pause på minst 3 døgn før utstyret kan lånast ut att. Ta kontakt på telefon 90534102 for å avtale utlån.
Kanoen til turlaget kan inntil vidare ikkje lånast og må bli liggjande i naustet.

Bli medlem!

Vi vil gjerne oppmode om å teikne medlemskap i DNT og Vik Turlag i år også, sjølv om tilboda og aktiviteten er redusert pga. koronakrisa. Organisasjonen og lokallaga treng inntekta frå medlemskapen for å klare seg økonomisk i dette kriseåret. Med medlemskapen støttar du arbeidet med å halde ved like turstiar og hyttene som er opne for alle. Takk

Skrevet av Karen Weichert 7. mai 2020