Slik gjekk onsdagsturen til Dregahovden

Onsdag 10. juni gjekk turen til Dregahovden.
Me møttes i tunet til Astrid Tveit i Feios. Det var 19 turglade deltakarar, som møtte opp ein nydeleg ettermiddag med skyfri himmel og varm sol. Astrid som var kjentmann, informerte om turen, og Øydis informerte om gjeldande smittevernsreglar.
Deretter gjekk me på god traktorveg til Grønsberg. Herifrå gjekk me på ein bratt, men tørr og fin sti. Me fekk eit flott utsyn mot Sognefjorden og heile Feios på veg opp. Me komme alle fram til Dregahovden, kor me hadde ein god pause. Torstein Kongslien underheldt med munnspel. God stemning og vakker musikk. Me tok ein anna veg ned igjen, på ein sti som ikkje var fullt så bratt som på veg oppover. Me var nede igjen til bilane våre omlag 21.30. Ein kjekke kveld, med fantastisk vær og strålande turfølge.

