Foto: Nils Gunnar Finne

Slik var turen til Finnbunuten

Flott tur på Finnbunuten!

Det var uvanleg mange som møtte til sundagstur 27. september; både gamle og nye kundar, bygdafolk  og folk frå are stader. I slutten av september kan ein ha både styggavær og snø, spesielt når ein nærmar seg 1400 meters høgde. Denne sundagen varierte det mellom skyfritt og delvis skya, og temperaturen viste nesten dusinet fullt sjølv på fjellet. Noko vind på toppen, slik at me måtte kle oss litt ekstra her, men elles gjekk mange berre i T-skjorta. Transportetappen inn til Holmavatnet var kurant, noko meir varierande tempo i den lange og litt bratte bakken opp til platået på Finnbufjellet. Opphaldet på Nuten gjekk med til å nyta utsikten, og få forklart dei forskjellige toppar i alle retningar. So var det berre nedoverbakke heilt til sameleiren, med påkjenning på kne og hofter. Noko spreidd felt inn mot mål, men alle 18 kom til målstreken i godt humør etter ca. 6 timar tur.

Skrevet av Nils Gunnar Finne 29. september 2020