Slik gjekk turen til Skomakarnipa

På Skomakarnipa i Aurland
På Skomakarnipa i Aurland Foto: Karen Weichert

Turen til Skomakarnipa var svært vellukka, og eit stort fylgje møtte opp på parkeringsplassen i Skard i Fresvik. Her var turfolk frå tilskipalaga Aurland og Vik, men også både frå både Leikanger, Gaupne, Voss og Bergen. Heile 40 personar møtte opp, og alle gjennomførde turen i fin stil og i høve koronareglane. Det var gledeleg at adersspreiinga på denne turen var god, frå dei heilt unge til folk i moden alder. Det er slik vi likar å ha det på fellesturane.

Etter litt kort informasjon i Skard gjekk vi til Legdaskard, 920 moh, og høgste punktet på denne turen. Derifrå gjekk vi i slakt terreng ein times tid til vi nådde Skomakarnipa. På denne delen av turen er eigentleg ikkje sti, men stor trafikk siste åra til Skomakarnipa har gjort at det er blitt lettare å finne rette vegen på denne populære turen. Sjølv om sola ikkje klarde å bryte gjennom denne dagen, så er det vidt utsyn på denne turen til fjord og fjell.

På skomakarnipa, som eigentleg er eit relativt flatt fjellparti, var det god tid til å nyte utsikta, mat og drikke. Her på Skomakarnipa er det 900 meter bratt ned i Aurlandsfjorden. Sjølv om vi hadde utsyn både til fjell og fjord, så la nok dagens støvskyer frå Aust-Europa ein dempar på utsikta. Verst var det kanskje for Aurlendingane, som ikkje klarde å sjå heimatt!. Noko som slett ikkje plar vere vanskeleg i klårver – men veret rår verken turleiar eller andre over! Med unnntak av støvskyene som hindra sola, så var resten av veret upåklageleg; flott temperatur og nydlege haustfargar.

Gangtida på denne turen var ca eit par timar kvar veg, men med gode pausar og stopp så brukte vi mellom 5 og 6 timar frå vi starta i Skard og til vi var tilbake til utgangspunktet.

Gyda Bøtun

Takk til Ranveig og Aurland turlag for organisering av turen, og takk til Gyda og Kirsten for god og trygg turleiing!

Skrevet av Karen Weichert 6. oktober 2020