Nytt styre og ny leiar i Vik Turlag

Karen gav stafettpinnen vidare til Kirsten
Karen gav stafettpinnen vidare til Kirsten Foto: Vik Turlag

Den 18. november heldt Vik Turlag årsmøtet sitt på Kyrkjestova i Vik. På fyrste styremøtet om lag 2 veker seinare, konstituerte det nye styre seg for 2021. Med ny styreleiar og nokre endringar i styret elles og undergruppene går Vik turlag optimistisk inn i det nye året.

Kyrkjestova var eit godt lokale å gjennomføre årsmøtet i, med god plass og godt tilrettelagt for smittevern. Det møtte opp 10 medlemar. Jens Brekke var gjest og underheldt med vossastubben "Ein bytur". Styret presenterte søndags- og helgeturane som laget har sett opp for 2021. Det blei vist bilete frå dei store dugnadsprosjekta på Målsete og på Sylvarnes.

Etter 9 år som leiar stilte Karen Weichert ikkje til attval, og som ny leiar blei valt Kirsten Asheim. Ny nestleiar er Ranveig Turvoll. Ny i styret som varamedlem er Evi-Katrine Solhaug Lidal. Også Barnas Turlag i Vik fekk ny leiing. Anette Rinde Fosse og Brita Helleland delar på oppgåva. Gyda Bøtun blei valt som ny vara for revisor. Hilde-Gunn Hellen er nytt medlem i valnemnda. Ei oversikt over medlemane i styret, undergruppene og hyttastyra samt årsmøtereferat finn du her.

Etter årsmøtet fekk fleire medlemar i laget ei lita gåve som takk for innsatsen:

Hilde-Gunn Hellen, som gjekk ut av styret etter 6 år som styremedlem. Ho har også vore nestleiar.
Kårhild Rinde, som stilte som vararevisor i mange år
Hanne og Nils Gunnar Finne, som også i 2020 gjorde ein enorm dugnadsinnsats
Karen Weichert, som var styreleiar i 9 år
Sigrid Melheim, som i 2020 tok grunnleggjande turleiarkurs og no også er godkjent som sommarturleiar i DNT
Eirik Langeland Tistel, som også tok grunnleggjande turleiarkurs i 2020
Torstein Kongslien, som gjorde ein stor dugnadsinnsats på Gunnarsetestien
Hilde Tenold og Anne Cecilie Rinde, som gjekk av som leiarar i Barnas Turlag

Vik turlag går optimistisk inn i det nye året og håpar at aktivitetane i laget kan oppretthaldast, trass i koronasituasjonen. DNT er veldig flink til å fylgje lokallaga opp, med tanke på smitteverninnstruksar for både turar, anna aktivitet og hyttene.

Skrevet av Karen Weichert 2. desember 2020