Turleiarsamling i friluft

Foto: Øydis K. Bøtun

Årets turleiarsamling var på grunn av smittesituasjonen ute i friluft, på Moahaugane i Vik i fin kveldssol.

Turleiarsamlinga er eit årleg arrangement i Vik turlag, der deltakarane går gjennom tema som turleiarrolla, smittevern, risikovurdering, rutinar for turleiaren m.m.

Har du lyst å vere turleiar i Vik turlag? Eller fungerer du allereie som turleiar og har lyst å bli godkjent?

Sogn og Fjordane turlag arrangerer turleiarkurs i Høyanger i mai: https://www.sftur.no/aktiviteter/126357/888699/

Vik turlag kan betale kurset samt reise for medlemar. Ta kontakt med leiar om du er interessert!

Skrevet av Karen Weichert 27. april 2021