Slik gjekk turen i Vangsnesmarki

Onsdag 5. mai hadde Vik turlag årets andre onsdagstur, der turmålet var nedre delar av Vangsnesmarki. 13 personar parkerte bilane ved Svidlandsmyri og gjekk via Godstøl - den gamle stien som går mot Kallbakk. Tok deretter den gamle traktorstien utover mot Kristidalen, der turleiar fortalde historia om tragedien som var opphavet til namnet på dalen. Turen gjekk vidare forbi Høgretjønni til Endresete der me hadde pause. Tok med oss utsikta mot Sognefjorden før me tok nedstigningen mot skogsbilvegen. Der delte me oss, nokon fylgde skogsbilvegen ned att til bilane, medan dei andre gjekk tilbake via Gilhushammaren tilbake til Godstøl.

Turleiar : Halvor Flatland

Foto: Halvor Flatland