Utedoen på Sylvarnes er opna

Den nye utedoen på Sylvarnes nett før snorklipping
Den nye utedoen på Sylvarnes nett før snorklipping Foto: Turid Brekke

No er den nye utedoen ved det gamle skulehuset på Sylvarnes offisielt opna.


På grunn av koronasituasjonen var det dessverre ikkje råd å skipe til eit større arrangementmed mange gjerster. Til opninga av den nye utedoen på Sylvarnes var denne gongen berre dei inviterte som hadde vore med på snikringsdugnadane. Sidan tidspunktet ikkje passa for ein del av dugnadsgjengen, var det ei heller lite gruppe som samlast på Sylvarnes 28. mai.

Utedoen blei bygd opp igjen akkurat på same plassen der den gamle utedoen stod, og den er veldig lik i utsjånad også. Doen inne i skulehuset er no stengt og kan ikkje brukast lenger. Denne doen hadde avløpsrøyr rett ut i elva.

Det var leiar i Vik Turlag, Kirsten Asheim, som klippa snoret. Ho hadde også med seg inviingspresang til doen, eit fint sauebilte frå Seljadalen som no henger inne i doen.

Takk til alle som bidrog til den nye utedoen og til opninga. Spesiell takk til prosjekterande byggeleiar Nils Gunnar, og til Turid for den flottaste opningskaka!

Velkomen til Sylvarnes!

Skrevet av Karen Weichert 30. mai 2021