Slik gjekk turen Limmesand-Nygot 26.05.21

Heile gjengen på toppen
Heile gjengen på toppen

Det møtte til saman 15  turmenneske – alle saman i god form. Turen starta frå parkeringsplassen til bilverkstad Tistel, vidare gjennom garden hans og opp på stølsveg. Det var mykje stein, men heldigvis ikke så mykje vatn som før og difor finere å gå.

Når me var komne opp til Nygot – etter 1  time og 25 min. - var alle fascinerte over den fantastiske utsikta over fjorden.  Etter matpause og ein runde med mange bilder gjekk me same veg ned att, og nokre spreke damer sprang nesten heile vegen.

Me var heldige med ein fantastisk solkveld  og det var heller ikke for varmt til å gå på tur.

Margaret Hauderowitz

Klikk her for å skrive tekst.

Bratt opp.
Bratt opp.
Fint på stølsvollen
Fint på stølsvollen