Slik gjekk turen til Negardstølen

Det var tre vaksne pluss turleiar som gjekk den flotte turen til Negardstølen i Arnafjord denne kvelden. Det bar oppover den bratte lia på ein flott sti. Etter ei god stund møtte me slakkare terreng, og så bar det nedover til den flottaste fossen. Så oppover igjen til sjølvaste Negardstølen. Her fekk me flott utsikt utover heile Arnafjorden. Sola titta ikkje fram denne kvelden, med det var nydeleg temperatur. Takk for turen frå turleiar Ann Cecilie Rinde.