Flott 20-årsmarkering!

Søndag 20. juni markerte Vik turlag 20-årsjubileum i fint sommarvèr. Markeringa var lagt til Gunnarsetestien - i samband med avslutning av prosjektet "På tur til Gunnarsete"  og offisiell opning av stien etter oppgraderinga. Mange frivillige har siste året gjort eit stort arbeid med sjølve stien og med t.d. nye grindar.  
Mange av dei frammøtte  deltok  på kvissen, der ein kunne finne dei fleste svara på informasjonstavlene undervegs. Av dei som hadde alle svar rett, vart det trekt ut 5 vinnarar. Desse vil få melding frå turlaget - og sjølvsagt ein fin premie 😊

Konkurranse med fine premier ved fyrste løa.
Konkurranse med fine premier ved fyrste løa.
Godt med ein pause undervegs.
Godt med ein pause undervegs.
Skogen kan brukast til so mangt.
Skogen kan brukast til so mangt.
God juice til alle som ville ha.
God juice til alle som ville ha.
Hanne Bruaas (i midten),organisasjonssekretær i Sogn og Fjordane turlag, deltok på markeringa.
Hanne Bruaas (i midten),organisasjonssekretær i Sogn og Fjordane turlag, deltok på markeringa.