Slik gjekk turen til Flatfjellet

Onsdagsturen gjekk frå Høgretjønni via Endresete til elva Berva og inn på Kamben/Kambaselbøen. Turen gjekk så vidare opp på vestsida Raudnosi til Flatfjellet  der me tok ein pause. Deretter gjekk turen langs Kråkeeggi mot ATV-vegen som går til Kalbakk og deretter ned att til Høgretjønni. Ein flott tur i nydeleg sommarvér. Olav Hanekam som kjentmann fortalde og losa oss trygt gjennom eit område som var nytt for oss alle. 

Turleiar Halvor Flatland 

Klikk her for å skrive tekst.

Foto: Halvor Flatland