Slik gjekk turen til Kvandalen

På veg mot Kvandalen
På veg mot Kvandalen Foto: Øydis Kleppe Bøtun

14 turfolk møttes på kaien og køyrde opp på Vikafjellet. Me parkerte bilane og gjekk i jamt driv mot Kvandalen under leiing av Anne Karin Undi. Flott utsikta på vegen over fjell og vatn. Då me kom fram til vakre Kvandalen, fekk me komma inn å ete nista i det koselege selet som romma oss alle. Anne Karin fortalde litt historie og me hadde ei fin stund. Gjekk attende same veg og naut kveldssola i vakkert lys. Var attende ca kl. 22. 

tusen takk for kjekk tur. Takk til kjendperson og turleiar Anne Karin Undi.

Referent Øydis Kleppe Bøtun. 

Vakre omgivelsar.
Vakre omgivelsar. Foto: Øydis Kleppe Bøtun
Gjengen på veg.
Gjengen på veg. Foto: Øydis Kleppe Bøtun
Glad gjeng på tur.
Glad gjeng på tur. Foto: Øydis Kleppe Bøtun
Siste solstrålane på slutten av den fine turen.
Siste solstrålane på slutten av den fine turen. Foto: Øydis Kleppe Bøtun

Klikk her for å skrive tekst.