Slik gjekk turen til Rambervarden

Foto: Svenn Egil Finden
Rambervarden sundag 22.aug
Fantastisk flott tur til Rambervarden. Veret kunne ikkje være betre. Klår himmel og vindstille. Turt og fint å gå. Vi gjekk opp frå Grønsberg via Flateng og opp inne i Stuasetbotn. Var fint å gå opp i Stuasetbotn men ein må være forsiktig for ikkje å rulle stein på dei under. Utruleg små elvar. Gamle snøfenner er vekke. Lite snø i vinter og varm sommar har sett sitt preg på fjellet. På Varden gjekk det sauer. Ikkje veit eg kva dei beita på der. Nede på ei fonn såg vi 5 rein som kjøla seg i varmen. Flott utsikt. Såg Alden og Lihesten langt i vest, Hårteigen, Kvitanosi, Hanguren, Jotunheimen, Jostefonn, Jostedalsbreen, Hurrungane, Ålfotbreen, sjølvsagt Fresvikbreen og mykje meir. I aust kunne vi sjå fjelltoppar med nysnø. Endeleg snart skiføre! Ned att gjekk me ryggen ned i Stusetbotn via Nummedalstølen til Grønsberg. Totalt var det 9 stk med på tur i tillegg til turleiar. Brukte 9 timar på turen. 1 time meir enn planlagt men i det fine veret så hadde vi lang pause på varden for å nyte utsikta. Slik tur på ein slik dag så kunne det gjerne vore med fleire. 

Svenn Egil Finden
 
Rein i sikte.
Rein i sikte. Foto: Svenn Egil Finden
Foto: Svenn Egil Finden
Foto: Svenn Egil Finden
Foto: Svenn Egil Finden


Skrevet av Ranveig Turvoll 11. september 2021