Vellukka årsmøte

Foto: Vik turlag

Det blei halde årsmøte for 2021 i Vik turlag på onsdag 17. november på Blix hotell.

Det var eit hyggeleg årsmøte med pizzabuffet og kaffi, tolv personar møtte. Arrangementet blei opna av Lasse Vangsnes som spelte fleire stykker på piano. Deretter presenterte leiaren i laget, Kirsten Asheim, turprogrammet for 2022. Det blir eit spennande turår neste år også! Helge- og søndagsturane vil etter kvart bli lagde inn i aktivitetskalenderen her på nettsida. Innan 1. februar vil også Barnas turlag sitt turprogram og onsdagsturane vere på plass. Før den formelle delen av årsmøtet starta, viste Nils Gunnar Finne flotte bilete frå ulike turar i Vik.

Ny langtidsavtale for leige av skulehuset på Sylvarnes som DNT-hytte

Den einaste årsmøtesaka var den nye leigeavtalen mellom Vik kommune og Vik turlag, og årsmøtet godkjende avtalen. Det er ein langtidsavtale fram til 2054. Formannskapet i Vik kommune godkjende avtalen i haust. Dette er ein milepæl for hyttestyret Sylvarnes, sidan det no ligg til rette for å søkje om spelemidlar til rehabilitering av taket på skulehuset og andre større vedlikehaldstiltak.

Nytt styre

Kirsten Asheim tok attval som leiar for Vik turlag. Ei oversikt over det nye styret og andre verv i turlaget finn du her. På same sida finn du også årsmøtereferatet og årsmeldinga for 2021.

Skrevet av Karen Weichert 27. november 2021