Barnas Turlag Vik
Leiarar i Barnas Turlag Vik:
Anette Rinde Fosse, tel. 99364624
Brita Helleland, tel. 99150867
Eit aktivt uteliv er viktig for å gje borna ein god oppvekst. Gjennom Barnas Turlag treff du andre barnefamiliar og barna får gleda av å gå på tur med andre barn. Barnas Turlag i Vik arrangerer 8-10 turar fordelt over heile året og heile kommunen. Tilpassa barn i alderen 0 til 12 år. Måneskinstur, skileik, bålbrenning og pølsegrilling, hytteovernatting , tur-quiz og lommelykt-tur er typisk for Barnas Turlag sine turar. Det er gratis å vere med på alle turar. Dersom det er t.d bompengar/ overnattingsavgift betalar kvar familie for seg. Mat og drikke tek alle med seg etter behov. Foreldre har ansvar for eigne born!
Store og små er alle velkomne!! Me håpar å sjå mange på turane våre☺
UTSTYR TIL UTLÅN
Barnas Turlag har 10 par barnetruger til gratis utlån. Ta kontakt for å få låne☺
På Rundøyri har Barnas Turlag 1 kano til utlån. Ein treng DNT nøkkelen for å låse dei ut. Denne får ein bestilt når ein er DNT medlem!

