sti- og merkegruppa
Oppgåver til sti- og merkegruppa
Vik turlag har vedlikehaldsansvar for 57 km med stiar. Sti- og merkegruppa organiserer arbeidet med oppfrisking av merkinga og har tilsyn med tilretteleggingane i form av merking, skilt og infotavler.
Gruppa har også ansvar for Vik turlag sine turskildringar, turforslag og virtuelle turpostar på UT.no.
Gruppa:
Anne Marie Bøtun Øyri, Karen Weichert (leiar & UT-kontakt) & Nils Gunnar Finne. Sjå kontaktinfo her.
Har du lyst å vere med å merke stiar? Ta kontakt med eit medlem i sti- og merkegruppa!
Har du lyst å bidra med innhald på UT.no?
Ta kontakt med Vik turlag sin UT-kontakt!
Har du lyst å lære meir om merking av turstiar?
Sogn og fjordane turlag har stikurs i to delar, ein teoridel og ein praksisdel. Ta kontakt med leiar i sti- og merkegruppa for meir informasjon.
Vik turlag sin rutestrategi
Vik turlag har ein rutestrategi som i utgangspunkt blir revidert kvart andre år. Strategien er under revisjon for tida.

