Turbotrimmen 

Barnas Turlag vil også i år setja ut raude postkassar som de kan besøkje og skrive dykk inn i. Målet vårt er at de tek mange turar, og at de tykkjer det er kjekt å komma dykk ut i den flotte naturen vår.

Me plasserer sju postkassar rundt om i kommunen. Me har valgt ut turar som bør vere overkommelege, men samtidig gir god helsegevinst.

Alle barn og unge (0-18 år) som er medlem i Vik turlag kan få premie. De må ha tilsaman sju besøk til ei eller fleire av kassane for å få premie. De treng altså ikkje besøkja alle dei sju kassane - det som gjeld er sju besøk til saman.

Merk at det berre er dei som er medlem i Vik turlag som får premie. Vik turlag er ei undergruppe av DNT. Det vil seie at medlemsskapet gir fordeler både i våre nærområde (mange flotte turlagshytter) og elles i landet. Det går fint å berre melda inn barna. Det er flotte premiar, så de vil ikkje angra på innmeldinga! Les meir og meld dykk inn her: 

https://www.dnt.no/medlem/fordeler/

Postane i år (2022) vert på fylgjande stader:

  • Brandholten - Lagt ut 19. april

  • Synshovden - Lagt ut 6. juni

  • Dagsturhytta - Lagt ut nyttår 2022

  • Tenoldsmarki/Nyteigen (stien opp til Varpet) - Lagt ut 16. mars

  • Hang - Lagt ut 5. juni

  • Øksdalsmarki på Vangsnes - Lagt ut 5. juni

  • Kongsgardhovden

  • Oddmundhytta i Fresvik

  • Valanipa

  • Lars Ola vatnet

Me oppdaterer fortløpande etterkvart som postane vert lagt ut.

GOD TUR!

Me publiserar det forløpande her når postane er lagt ut.Har du eit fint bilde frå turane til Turbo postkassane? Me tek gjerne imot bilder for å visa dei fram her☺ send på messenger evt på mms til 99364624. Merk med navn på fotografen😉