Stølsheimen

Fellestur

Dato
15. september kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Stølsheimen
Arrangør
Vik Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

PÅ GRUNN AV SVÆRT DÅRLEGE VÆRMELDINGER VERT TUREN AVLYST DENNE HELGA.

DET ER MULEG ME PRØVER PÅ NYTT NESTE SUNDAG,

FØLG MED PÅ HEIMESIDA TIL VIK TURLAG.

Fottur Bjergane – Rappen – Selhamar – Bjergane sundag 15. september. Forholdsvis lett, men noko lang tur i fint turterreng.

 

Me samlast ved kaikanten i Vik kl. 10, og køyrer felles til Bjergane; ca. 40 minutt køyring. Det er bompengar på denne vegen. Turen starta på stien mot Rappen, kanskje ein litt «kjedeleg» start, men terrenget vert fint når me kjem til dei små vatna mot Rappen og til Rappavatnet. Tek ein pause med mat før Rappen, her er det fine badestrender for dei som likar dette….Vidare frå Rappen er det fint terreng og me kryssar vatnet på ein spesiell plass der det er grunt, og steinar utlagde. Så nærmar me oss majestetiske Raudberg, og må gjennom den store steinrøysa på undersida: steinar så store som hus, men det er tillaga ein slags sti gjennom røysa. Etter dette vert det litt stigning opp mot «riksvegen» som går mot Selhamarhytta. Går ikkje bort til denne, men svingar til venstre, og forbi Gryteberget der me stoppar og undrar oss litt på gamle kunstar. Pause ein stad her, før turen går over høgda tilbake til Bjergane. Til saman ca. 21 km, og om lag 7 timars tur. Turleiar: Nils Gunnar Finne, 91513117.

Stølsheimen

PÅ GRUNN AV SVÆRT DÅRLEGE VÆRMELDINGER VERT TUREN AVLYST DENNE HELGA. DET ER MULEG ME PRØVER PÅ NYTT NESTE SUNDAG, FØLG MED PÅ HEIMESIDA TIL VIK TURLAG. Fottur Bjergane – ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Nils Gunnar Finne