Slik gjekk onsdagsturen til Negardstølen

Foto: Ann Cecilie Rinde

Denne flotte sommarkvelden møtte det 18 personar opp for å ta turen til flotte Negardstølen i Arnafjorden,deriblandt 1 barn.

Det bar oppover den bratte lia på flott sti. Etter ei god stund møtte me på litt slakkare terreng,og så bar det nedover til den flottaste fossen,for så å gå oppover igjen til sjølvaste Negardstølen. Her fekk me flott utsikt frå stølen utover heile Arnafjorden.Alle var einige om at dette var ei flott avrunding før me tek sommarferie for onsdagsturane.

Referent: Ann Cecilie Rinde 

Skrevet av Karen Weichert 29. juni 2018