SLIK GJEKK LOMMELYKTTUREN MED BARNAS TURLAG (til nissemor i Asvegen)


2.sundag i advent hadde Barnas turlag årets siste tur. Ca 50 små og store møttest på Bøadalen og trakka seg innover masse nysnø i Åsvegen. Der gjekk dei på jakt etter Nissemor sin nissegraut.

Inne i skogen lukta det frå bålpanna og ei svær grautgryte sto klar til alle som villa ha. Med snø hengande på greinene, skodde nede i bygdi, og mørket som kom, var det eventyrstemning når alle hovudlyktene kom oppover skogen. Graut med sukker og kanel, smørauga og rosiner gjekk ned på høgkant i mange små nisseungemagar.
Nissemor var kjempe glad for å få so kjekt besøk, og håpar alle hadde ein kjekk ettermiddagstur. Kanskje kjem jo att neste år?
God jul til alle- og velkomne med på fleire turar med Barnas Turlag i 2020
