Hytteopning på Målsete

Målsethytta om våren
Målsethytta om våren Foto: Nils Gunnar Finne

I morgon, fredag 12. juni 2020, opnar DNT-hytta på Målsete igjen etter koronapausen. I fyrste omgang er det berre sikringsbui "Vetlehytta" som opnar. Men det er endringar i bruk av hytta. Ein må bestille overnatting på førehand, og hytta er framleis stengt for dagsbesøk.

Etter å ha vore stengt sidan før påske opnar DNT-hytta på Målsete i Vik no for overnattingsgjestar igjen. Dagsbesøk er dessverre framleis ikkje mogleg. I fyrste omganger det berre Vetlehytta som opnar. I tillegg til at det er innført booking, er det ein del nye reglar sommå fylgjast, for å oppfylle krava i DNT sin smittevernplan for hytter. Maksimalt tal gjestar på huset er avgrensa til 2-6 (avhengig av om ein høyrer til same husstand eller ikkje), og gjestene må byr seg på noko utvida vaskelrutinar. Hyttestyret for Målsethytta kjem til å legge best mogleg til rette for at opphaldet på huset kan bli like kjekt som før.

Velkomen på Målsete!

Les meir om Målsethytta og dei nye reglane for overnatting på UT.no.

Skrevet av Karen Weichert 11. juni 2020