Slik gjekk turen: Fossfjellet rundt

Foto: Nils Gunnar Finne

Turen Fossfjellet rundt Sundag 16.8. gjekk i eit eventyrleg flott ver, blå himmel , knapt eit vindpust og nærare 20 grader, 13-1400 meter over havet!

Kanskje for fint ver? Berre 5 valde å bruka seinsommardagen med turlaget opp "Idlebakken" på stien mot Kvanndalen, til høgste varden på Klantane 1415m.o.h. Derifrå unnabakke over snøfenner og stein sørover mot Fossfjellet. Utsikta frå høgaste varden var upåklageleg,; Jostedalsbreen i nord og Folgefonna i sør. Som venta var det meir enn vanleg med snøfenner å kryssa på turen. Det er ikkje uvanleg å sjå rein som kjøler seg på fennene på Fossjellet.

Turdeltakarane var halvveges lova å sjå både rein og ørn, men måtte nøya seg med ein handfull sauer, og tre lettkledde damer som feia forbi på treningstur.
Turfylgjet klarde seg velberga forbi ei gamal intakt dyregrav, og utan beinbrot ned bratta mot Fosse.

Ottar Wiik, turleiar

Skrevet av Karen Weichert 25. august 2020