Slik gjekk det med OPPTUR 2020

Årets gjeng på OPPTUR
Årets gjeng på OPPTUR Foto: Dag Einar Bøtun

Turen gjekk til vakre Engi i Fresvik.

Elevane blei skyssa fram til Tretteteig, før me la av gårde på ein 20minuttars gåtur langs Storeelva og fram til Engi. I strålande haustsol blei det arrangert ulike oppgåver som utfordra samarbeidevnene og hjernen til elevane. 

I lunsjen blei det fyrt opp bål, og stemninga var god med grilling og prat. 

Etter lunsjen haldt me fram med oppgåver/utfordringar som krevde meir samarbeid, konsentrasjon og logisk tenking. Elevane var svært dyktige, og utfordringane blei løyst med bravur. Deretter blei det utdeling av premiar til alle (panneband) og trekking av ein heldig vinnar som fekk gåvekort til Basecamp på Tungestølen sommaren 2021.

Til slutt gjekk turen ned igjen til Tretteteig, kor bussane stod og venta på oss etter ein flott turdag!

Dag Einar Bøtun

Tusen takk til Dag Einar for eit flott opplegg!

Skrevet av Karen Weichert 30. september 2020