Turen på Omarstien

Søndag 18/4 gjekk 21 stykk små og store Omarstien i strålande sol. 

Undervegs på stien var det rebus. Kvar familie fekk utdelt ark og penn, og barna fekk bestemme kva dei meinte var svaret på dei forskjellige spørsmåla. På spørsmålet om kva det smartaste dyret i verden er, var det svært delte meiningar om det er elefanten, tigeren eller sjimpansen.

Barna var ivrige og det var full fart oppover stien på leit etter rebus oppgåvene. Då me nerma oss slutten av stien kom det nokre rare lydar frå skogen, og me kunne skimte i ein stor raudhåra skapning i mellom trær og busker. Han gjorde nokre ablegøyer og sprang så vidare i skjul. Fremste puljen med barn sprang resten av vegen på leit etter han. Då me kom fram kom reven luskande etter ei stund. Han hadde med seg ein liten premie til kvar og ein av barna.

Det vart noko jevne resultat på rebusen, men den som stakk av med seieren tippa at det var 153 kongler på eit syltetøyglas, der fasiten var 143 kongler. Han vart den heldige vinnar av ein 3 pk kvikklunsj.

Etter ein pause med god mat og drikke gjekk me Omarstien tilbake, og det vart leika gøymsel på bøen ved Grasmyri (Nummedal) før me reiste heim.

Tusen takk til dykk som deltok :-) Det var ein kjekk og fin tur!

Skrevet av Anette Fosse 21. april 2021