OnsdagsTur til undi og Halrynjo

Foto: Øydis Kleppe Bøtun

Første onsdagsturen i år gjekk til Undi og Halrynjo. 

Fyrste onsdagsturen denne sesongen, 28.04.21, møtte det elleve damer og to herrar på kaikanten. Turen gjekk då til Halrynjo der vi gjekk på fin skogsveg oppover til Stedjestølen. Vi møtte på snøen nesten med det same vi starta. Etter ein liten pause på Stedjestølen gjekk vi vidare og vi rota oss litt bort med det same men tok oss fint innatt. Stansa ved ei ei fin grindaløe der vi tok bilde og åt litt. Så gjekk turen ned til Undi der det var lam og sauer i tunet som var så koseleg å sjå. Gjekk oppatt til Halrynjo der bilane sto. Passeleg fin tur. 

Turleiar Astri Drægni

Foto: Øydis Kleppe Bøtun