Slik gjekk vårdugnaden på Sylvarnes

Skulehuset på Sylvarnes
Skulehuset på Sylvarnes Foto: Karen Weichert

Det var 7 motiverte dugnadsfolk som møtte ved kaia i Vik på fredag. Nummer 8 møtte vi på Sylvarnes, so dette blei ein bra gjeng!

Etter alt material og utstyr var bore ombord starta båtturen til Sylvarnes kl 14, med stopp på Geithus og i Finden på vegen. Vi var framme ved skulehuset på Sylvarnes om lag kl 15. Heile huset blei støvsuga og vaska, nyvaska sengklede blei lagt på. Det blei også utført ein snikkarjobb på gamle badet. Litt etter kl 16 tok vi ein kaffipause med noko å bite i, inne i stova. So held arbeidet fram til vi måtte gå ned til kaia igjen der båten henta oss litt før kl 18. Kl 18:30 var vi tilbake i Vik. Tusen takk for flott innsats til alle som var med!

Strendene om våren er ei oppleving! Bli med på dugnad neste gong, du også! Ein treng ikkje vere medlem for å vere frivillig. Turlaget betalar turen og stiller med litt mat og drikke.

Skrevet av Karen Weichert 29. mai 2022